Me, Peter, Maria og Eline, vil dela nokre glimt frå utreisehelga vår til Parantaca. Ein spesiell og minnerik tur, prega av mange nye inntrykk frå landsbygda i Bolivia.
Laurdag morgon (9.mars) ringte vekkjarklokka 05.45 og me var spente og klare for det helga ville by oss. Før me tok ut på den lange turen, stoppa me og kjøpte 60 rundstykker for 20 boll (under 20kr) og fylte bensin for 3.74 kr/literen. Leiarane for turen var vår kjære Jon og Juan Carlos – ein bolivianar.
Det meste som skulle skje denne helga, var enno ikkje planlagt, utanom at det høgst sannsynleg skulle bli eit møte laurdagskvelden og forhåpentligvis nokre husmøter. Me satt oss i bilen og tok det der i frå. Turen begynte i alle fall bra, med ein kjekk og innhaldsrik biltur. Fyrstedelen av vegen bestod av ny og fin asfaltveg, og mil etter mil blei lagt bak oss. Etter ein time var det slutt på den behagelige vegen, me tok på ein humpete og steinete, smal grusveg tvers over ei STOR lamaslette. Me kom tett innpå dyrelivet på landsbygda i Bolivia. Me såg lama over alt og i store mengder. Me fekk og eit glimt av dei eksotiske flamingoane. Av andre dyr som kan nemnast såg me: esel, sauer, kyr, fuglar, lamaskjellet og påkjørt lama.
Sidan vegen var så dårleg, sparte ikkje Jon på gassen, for dermed å kunna «fly» over alle humpane. I baksetet satt me andre me kamerane i konstant bruk. Vegen til Parantaca gjekk opp og ned fjellsider, i elver, over elver og av og til var grøfta betre enn vegen. Bilen fekk i alle fall kjørt seg. Den tålte visst ikkje den harde behandlinga frå Jon (som ikkje var så lett å unngå), då me var vel framme i Parantaca var eit av dekka punktert. Det var til stor glede for Peter, han koste seg med å skifta dekket.
Sjølv om denne morgonen hadde gitt oss opplevingar for ein heil dag, var eventyret så vidt i gang. Me vart godt tekne imot av dei kristne i Parantaca, og fekk god suppa i kyrkja. Folka der var veldig gjestfrie og gavmilde, og gav oss av det dei hadde. Som bordbønn bad dei: Herren er min hyrde, eg manglar ingenting. Kyrkja i Parantaca var eit primitivt betonghus med bølgeblekk på taket, inne var det 6 små trebenkar og ei lyspæra som dei ikkje hadde råd til å betala straum for.
Me reiste enda lengre ut på landsbygda på tre husbesøk. Me fekk koma inn i deira heim, der me song og delte ord frå Bibelen. Husa deira var små jordhytter med stråtak – skur i norsk standar.
Dei siste me besøkte var eit ektepar og svigermora. Dei fortalte at deira største draum var å få reisa til Israel og sjå der Jesus levde. Mannen i huset tok fram ein utsitt plakat av Jerusalem. Men på grunn av dårleg økonomi har dei inga mogeligheit til å reisa. Svigermor var skral med både hørsel og syn, og var lei seg for at ho ikkje fekk høyrt eller lest noko frå Bibelen. Likevell hadde ho eit fast grep om Bibelen i handa heile møtet. Då me til slutt skulle gå, var det inga ende på alle handtykk og kyssa og klemmane. Takknemlege flotte folk!
I Bolivia er tid eit relativt begrep, og kveldsmøtet i kyrkja i Parantaca, begynte når det begynte. Folk kom tuslande litt etter litt. I alt var det 6 personar på møtet utan om oss. Nokre av dei hadde fleire timars veg å gå. Etter møtet gjekk me ut og oppdaga den fantastiske stjernehimmelen. Heile himmelen var dekka av stjerner.
Me hadde håpa å få til eit møte på søndagen og, men sidan alle skulle på obligatorisk eselteljing var det ingen som kunne koma. Difor reiste me vidare til Uyuni om natta. Eit stykke på vegen hadde me følgje av ei lokal dama som hadde vert på møtet. Ho satt på i ca. 1 time, og forklarte oss vidare at me skulle kjøra rett fram for å koma til Uyuni. Det var lettare sagt enn gjort. Det var fleire vegkryss, så me var svært usikre på kor me ville havne. Vegen var og veldig dårleg, så me satsa på at reservedekket haldt. Etter 3 timar blei det stor jubel i bilen då me endeleg såg asfaltvegen og skiltet der det stod «Uyuni 62 km».
Etter ei kort natt koste me oss med frukost ute i sola og var klar for å innta Saltørkenen. Der var det kvitt så langt augo kunne sjå. Eit område på 12 000 km2 var dekka av salt.
Og alle var einige om at me hadde hatt ei fin helg saman!
