RSS

The land of Inca Kola

29 jan

 dsc_0016

Paa Plaza de armas i Lima

Kor blir dei av, desse Perufolka? spor du deg.  Har ikkje hoyrt noko som helst…

Men her er vi veit du! Pa eit tastatur der bokstavane for ein stor del er skrivne pa med sprittusj og med latinske rytmer pa cd-spelaren i bakgrunnen skal eg (Kjersti) no prove a gi eit lite innblikk i korleis turen var har gatt siden vi landa i 9- millionarsbyen Lima sondag kveld 25. januar.

Kort oppsummert: Vi har det rett og slett styggelig bra! Peru er eit land til aa bli skikkelig glad i! Vi har opplevd sa utrulig ra ting at du viss du sit ytterst pa kontorstolen akkurat no, bor du lene deg godt inntil stolryggen.

Langt oppsummert: Anne Margrethe er vaar fantastiske reiseleiar, som leier oss godtruande nordmenn gjennom det peruanske samfunne sine mangslungne – og sjarmerande – krokvegar. Ho henta oss pa flyplassen sondag kveld, og eg skal love deg at det var nokre trotte og bleike tryne ho blei mott av!

Vi starta friskt med a komme til hotellet – svaert hypp pa sovn – for a oppleve at strommen gar. I stupmorkna faar vi velta oss i seng. Neste dag vaknar vi til guida tur i Lima- og her er det berre aa komme seg opp! Guiden var Rosa er klar klokka 9 og tek oss med til Plaza de Armas i sentrum avLima (for deg som lurar: Lima er hovudstaden i Peru). Der far vi ein guida tur inn i katedralen og ser gull , glitter, flott trearbeid og ikkje mindre enn FIRE Mariaalter. Jesus sag vi mindre til.  Desto betre var det daa vi  kunne utnytte den fantastiske akustikken i krypta under kyrkja til aa synge «Navnet Jesus».  Ei spesielt god oppleving.

I Lima gravla dei ikkje folk paa kyrkjegard, men i katakomber under San Fransico kyrkja. Dei tomte ein slags dundermiks over lika slik at dei rotne fort, og saa var det massegraver i katkombene. Det fekk vi sjaa resultatet av. Over haugar og stablar med kranier og laarbein kunne vi lese Jesus sine ord i Johannes 11? » Den som trur paa meg, skal leve om han enn dor.» 

Tirsdag bar det i flott luksusbuss avgarde til Ica, ein mindre by paa kysten. Her hadde vi ein deilig dag ved bassenget paa flotte «Villa de Valverdes».

Onsdag var dagen daa det som gaar an aa oppleve paa ein dag, vart opplevd. Kl 7 var vi i gong, og vart koyrt til byen Paracas, der vi gjekk ombord i opne baatar (med 400 hestar bakpaa for dei interesserte). Etter 1/2 frisk koyring i fantastisk havluft var vi ved Islas Ballestas. Eit slags mini-Galapagos med sjolover, Humboldt-pingvinar, pelikanar og massa andre rare fuglar. Skiten fraa fuglane = guano vert samla opp kvart 5.-6. aar og eksportert til Europa for store summar. Sirkla rundt oya og ein skikkeleg god skipper manovrerte oss nesten heilt inn til klippene i bolgene saa vi fekk sja og ta gode bilder. Ei naturoppleving av dei ytterst sjeldne.dsc_01961

Islas Ballestas. Det svarte er fugl!

Saa var det tilbake til hotellet for aa slappe av, bade, sole seg – og bli solbrent! Som venta var det den maskuline delen av gruppa vaar som slo til med knallraud rygg og smereynk forst. Skal ikkje nemne namn, men Kristian og Julian har det ikkje bra i ryggpartiet.

Saa kom den absolutte toppen av toppen paa kransekaka! Eg kjenner at adrenalinet pumpar berre eg skriv om dette: Vi blei koyrt ut til oasen Huacachina (den strekninga paa soerkysten som vi reiser rundt paa no, er veldig torr og har masse orken). Der leigde vi oss plass i to saakalla sand buggies. Med andre ord: Motor+ seter+jernstenger her og der. Inn. Hive paa selen. Starte. RASE opp i sanddynene, ned dei villaste bakkar og rundt dei galnaste svingar. Ispedd stopp der vi fekk renne ned bratte sanddyner paa magen paa snowboardliknande brett og ta bilder. Eg berre seier det folkens: SANDBOARDING er ordet! Har aldri opplevd noko saa eksotisk. Vi stoppa ogsaa i ein mindre oase der det bare aanda av frede og ro, det var verkeleg heilt nydeleg der, og i ei sanddyne hadde nokre misjonaerar skrive i stein: «Cristo te amo» – Jesus elskar deg.  Dagen vart avslutta i sanddynene medan vi saag paa solnedgongen – heilt overvelda av dagens inntrykk.

 
3 kommentarer

Skrevet av den 29. januar 2009 i Uncategorized

 

3 Svar til “The land of Inca Kola

  1. Aashild

    30. januar 2009 at 02:25

    Heisann kjaere soster Kjersti! Kongekult aa hoyre kor spennande de har det! Provar aa halde misunnelsen paa eit minimumsnivaa, men det er heller vanskeleg. Gjennom heller skrukkete rettskriving (kremt) tolka eg meg fram til at de har det bra. Uansett, TUSEN TAKK for oppdatering, det vil vi gjerne ha mykje av! Kos daakke vidare og take care!

     
  2. Elev Solveig

    30. januar 2009 at 18:48

    hei hei kjekt a lese!! haape dere har det bra, det har vi ogsa i Brasil 🙂 hilsen silje og solveig!
    me har kje fatt tid a legge ut her, men provde aa lege ut litt pa bloggen vaar! hihi!! snakkis folkens 😀 hastalavissta?!

     
  3. de etterlatte

    2. februar 2009 at 14:20

    Supert å høre hvordan dere har det, vi gleder oss til fortsettelsen! På Fjellheim er Val-gjengen tilbake og vi er igang med kortkurs. Det er kjekt! Denne uka er det bare noen få deltakere, men det gjør jo ingenting, det kommer flere etterhvert, og i uke 9 ser det ut til å bli fullt hus. Skiføret har nesten regna vekk, men i dag snør det masse, hurra! Til helga skal vi til Nordborg og Soltun, vi tar med telemarkski og snowboard og satser på å teste trekket på Setermoen søndag. Alt vel i Tromsø med andre ord. Kos dere i sola!

     

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

 
%d bloggere liker dette: