RSS

Weenhayek = Wujtà´is

10 feb

I helga var ein stor del av gruppa i byen Villamontes. Der traff vi Gilberto.  Han tilhoyrer ei folkegruppe som heiter Weenhayek , og som held til i distriktet rundt Villamontes. Folkegruppa fins ogsaa i Argentina. Over ein porsjon nydeleg fiskemiddag (fisk er den store tingen i Villamontes) fortalte han litt av den spennande livshistoria si.

dsc_0958Gilberto er 29 aar, utdanna innan juss og jobbar som advokat. Det er den eine delen av livet hans. – Eg har to ulike liv. Fraa mandag til fredag jobbar eg paa kontor, i helgene er eg i kyrkja og paa leirar. Eg vil kalle meg «salmista» , evangelist og misjonaer, seier han.

Gilberto sitt kall er aa dele evangeliet med sitt eige folk.  Allereie som tenaaring var han med og oversette Det Nye Testamentet fraa spansk til Weenhayek! Han har ogsaa ein stor draum om aa faa reise til Afrika som misjonaer.

– Heilt sidan eg var veldig liten, har eg hatt denne draumen. Eg vaks opp med ei kristen mor, men far min var ikkje kristen. Foreldra mine blei skilt og eg blei buande med faren min. Eg leid mykje, han drakk og gav meg ikkje mat.

Gilberto hadde heldigvis besteforeldre som tok seg av han.

– Eg takkar Gud for besteforeldra mine. Dei forte meg inn i livet som kristen og fortalde meg bibelhistorier, om Moses, Hosea, Sakarja til doemes, og tok meg med til kyrkja. Idag har eg berre onklar og tanter att som familie her i byen. Eg bur ikkje med familen, men for meg sjolv. Eg kan leve aaleine fordi eg gler meg i Herren, seier han.

Villamontes har vore eit stort senter for svensk misjon. Dei forste svenske misjonaerane kom dit allereie paa 1800-talet.  Gilberto fortel at han har hatt stor aandeleg og materiell hjelp fraa svenskane.

– Eg jobba hos misjonaerane og i skuletida hjalp dei meg med alt, pengar og mat for eksempel. Dei gjorde deg ogsaa mogleg for meg aa reise til Tarija for aa gaa paa universitetet der.

Gilberto fortel om ei intensiv studietid, og vi merkar tydeleg brannen hans for aa naa ut med evangeliet.

– Eg jobba med studiet i vekene, medan eg var med paa leir kvar helg. Naar du forkynner Guds ord til borna samstundes som du bur, et og leikar saman med dei, kan du verkeleg paaverke dei mykje positivt, seier Gilberto.

– Eg likar spesielt godt aa snakke med narkomane, gatebarn og slikt. Det er svaert vanskeleg aa forkynne til katolikkar, fordi dei har dei same omgrepa som oss, men legg noko heilt anna i dei. Det einaste som hjelper, er aa lese fraa Bibelen til dei, seier han.

Gilberto har sett fleire komme til Jesus, og den korte tida vi var der, merka vi at han hadde stor respekt og kjarleik for folket sitt.

– Aa leve for Jesus, det er livet. Viss Herren i tillegg oppfyller draumen min om aa komme til Afrika, daa blir eg glad. Veldig glad! smiler Gilberto.

 

Tilslutt- oversetting av overskrifta: Weenhayek = kjempebra!

 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 10. februar 2009 i Uncategorized

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

 
%d bloggere liker dette: