RSS

15 años

05 mar

dsc_0403

På eit 5-stjerners hotell skjer det ymist (forskjellig for riksmålsfolket). Her ein kveld kom vi tuslande heim frå ungdomskveld i kyrkja, og kva møter oss i den elles så fredelege frokostrestauranten?
Jo, eit overdådig kalas med berre ungdom til stades. Senter for merksema vår vart nokså snart den tre meter høge kaka som trona på eit bord midt i det gode selskap. Kva var dette? Bryllup? Femtiårsdag?
Det var nok av skuelysten betjening å spørre, og svaret var kort og godt:
– Quince años.

I Sør-Amerika er den dagen ein fyller femten år for nokon den største dagen i livet. Og spesielt viss du er jente, har du køyret gåande: Kjole, kaker, blomster etc. etc.
Men ved nærare ettertanke kanskje ikkje så ulikt vår norske konfirmasjonsfeiring? I alle fall ikkje kva gjeld pengeforbruk og forventingar til dagen.

Bibelen gir oss grunn til å fryde oss over livet KVAR dag.
Salme 118 for eksempel:

24 Dette er dagen som Herren har gjort;
la oss juble og glede oss på den!
25 Å, Herre, gi frelse,
å, Herre, la det lykkes!
26 Velsignet være den
som kommer i Herrens navn!

Med eller uten kake…

 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 5. mars 2009 i Uncategorized

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

 
%d bloggere liker dette: