RSS

Karneval!

16 feb

Måndagen er fri for oss her på BuganVillas. Likevel stod mange tidleg opp i dag for å verta med på aktivitetsdag med folk frå kyrkja. Me samlast for å laga eit alternativ til freistingar som alkohol og festing i samband med karnevalet. Ein gjeng frå kyrkjelyden kom hit til hotellet og det flotte idrettsanlegget her og me spelte volleyball og liknande dagen lang. Berre avbrote av ein bedre middag i restauranten. Livet er herleg!

Det å leika seg har lenge vore fjellheimelevane sin spesialitet. Me er gode til å laga vår eiga moro. Men det er dei sanneleg her i Sør-Amerika òg! Karnevaler er snart på topp intensitet. I Santa Cruz inneber det at gatene er fulle med musikk, salsboder og ikkje minst flygande ting:

–          Vatn frå pistol

–          Vatn frå bytter på hustaka

–          Vatn frå spyleslangar

–          Skum frå sprayflasker

–          Maling

–          Og det som verre er

Sjølvsagt er me ikkje meir redde av oss enn at ein gjeng i ettermiddag tok drosje til byen og vart med på leiken. Det skal ikkje vera usagt at me og fekk smaka steiken. 15 ”gringos” hoiande bortetter gatene vekkjer oppsikt, og då folk såg at me var bevæpna med vatn og skum, angreip villige bolivianarar frå båe sider. Bileta talar klart om resultatet. I skrivande stund står mange i kvar sin dusj og skrubbar, og skrubbar. Det ser ut som det kan verta ein fargerik dag på skulen i morgo.

 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 16. februar 2010 i Uncategorized

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

 
%d bloggere liker dette: