RSS

MONGOLIA: Snart avreise

23 feb

Etter nokre lange og innhaldsrike veker på kortkurs er no avreisedato nærare enn nokon gong. Nokon går med reisefeber, medan andre stresser vettet (det lille der eventuelt måtte vere av slikt) av seg for å få unna alle gjeremål før by og land skal forlatast.

Som nevnt har me lagt bak oss to innhalsdmetta veker med kortkurs. Store namn som Hans Erik Nissen, Knut Pedersen, Johannes Kleppa, Håkon Sunde Pedersen m. fl har fôra oss  med andeleg føde. Dette har kjøkkenet sett på som ei utfordring, teke opp kampen og forsøkt å gi oss like god fysis føde. Dette har dei langt på veg lukkast med.

Rundt spiseborda har det vert folk frå store deler av landet, sjølv om tyngda ei stund var mellom Lyngdal i sør og Haugesund i nord. Men med tida vart fordelinga noko jamnare. Ja, no er nordlegaste representant heilt frå Svalbard(!)

Ellers kan eg meddela at Amor har tatt turen frå Bolivia og heilt nord til Tromsø. Med andre ord; første par er òg her i boks. Og resten av gjengen følger skriftens ord (Gleder oss med dei glade… Rom 12,15) Om me ofte ser Amors offer glade, er det likevel skjeldan dei svever så høgt som desse på dei rosa skyer.

Og du som lurte; Nei – det er ikkje Hr. og Fru Youngblom det her siktast til, og Nei – namnet vert ikkje offentleggjort på bloggen med det fyrste.

Og medan du sit og så gjerne vil vera med oss, må me tilbake til pakkesjauet her på huset.

 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 23. februar 2010 i Uncategorized

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

 
%d bloggere liker dette: