RSS

Månedlige arkiver: februar 2010

Framme i Brasil


No er heile boliviagjengen vel framme på Hotell Florida i Rio De Janeiro. Gruppa har ein lang tur bak seg, men har vore opplagde nok til å vera fullblods turistar i to dagar til ende.

Samtlege kom seg med flyet frå Oslo til Paris der me måtte venta heile dagen på neste reise, til Rio. Dei fleste nytta høvet til å ta turen innom sentrum og oppleva Notre Dame og ikkje minst Eiffeltårnet. Det angra få på (utanom Simon kanskje, som rota seg vekk på feil tog). Paris viste seg frå si beste side (den einaste for meg så langt) , sola skein og folket blømde.

Dei tidlegare omtala sommarfuglane i magen vakna solid til liv att då me vart geleida inn av hyggelege flyvertinner på eit STORT fly som skulle til Sør-Amerika. Då flyet letta innsåg nok enno nokre fleire av oss kva som faktisk venta oss, ei veke sommar i Brasil. Dei siste møtte brutalt sanninga på veg ut av flyet i Brasil klokka 04.57 lokal tid i går. Ein vegg av varme slo imot deg. Det var uuthaldeleg luftfukigheit og varme på grensa til det umenneskelege, tenkte eg. Men eg tok feil. Det eg møtte var luft frå luftkondisjoneringsanlegget. Den verkelege veggen møtte oss utanfor flyplassen… Men det er løye kva det går an å verta vand med. Me må berre læra å setja pris på varmen.

På flyplassen møtte Jan Tore Olsen (misjonær i Bolivia, nordnorsk som sådan)  oss, klar til å vera leiarsau for ein saueflokk på 39 viltre sauer. Det har gått smertefritt så langt, og me ser verkeleg fram til å dilta etter denne karen. Det byr på så mangt.

I går bydde det på møte med hjelpeguidar (Fernando Silva, Joselene Pedde da Silva og David Torrez) og misjonærar som me skal feriera med her i Brasil (fam Ohma og fam Eggebø). Det vert ein fest å bruka tid med desse folka!

Vidare dilta me i går til

Stranda og bada/sove/vorte solbrent/vorte ei aning brunare

Maracana, verdas største fotballstadion, som diverre ikkje husar kamp denne helga

Kristusstatua. Rio De Janeiro sitt varemerke, synleg frå over alt (->utsyn derifrå til heile byen og litt til)

I tillegg kan det nemnast at Lars Olav har teke brasilianske vanar på alvor. Då han skulle helsa på ein politikonstabel i går ettermiddag, ville han like godt riva i med eit kyss på kvart kinn. Med det naturlege fylgjet at konstabelen stod skrattande attende og Lars raudleten raskt forlet åstaden. Ein lærer så lenge ein lever.

 
1 kommentar

Skrevet av den 7. februar 2010 i Uncategorized

 

Avreise

No står alle som skal på til Brasil/Bolivia her på Fjellheim i gangane og trippar. Mange elevar har allereie reist til Sør-Noreg for å få ein litt jamnare overgang til Brasil, som faktisk ligg langt sør for ekvator. Resten av oss reiser til Gardermoen i kveld og etter planen skal me møtast halv 6 i morgo tidleg der. Tida får visa om det lukkast.

Det har nok enno gått opp for dei færraste at om eit par dagar befinn dei seg på den andre sida av kloden. Likevel har me alle bra med sommarfuglar i magen. Vonar at sommarfuglane legg seg til å sova omtrent samtidig med oss i kveld då me skal prøva å få nokre timar på auga på ein benk på Gardermoen.

 
1 kommentar

Skrevet av den 3. februar 2010 i Uncategorized