RSS

Månedlige arkiver: mars 2010

Bolivia: Slutt på moroa

Kvelden før avreise avslutta me opphaldet i Sør-Amerika med ein betre middag på restaurant i Cochabamba, fotoshoot og samling på hotellet. Til slutt fekk alle dela med dei andre det kvar enkelt kjem til å hugsa best frå turen. Nesten ingen tok fram det same, og det må vel tyda på at alle har vore med på noko akkurat dei tykkjer er minneverdig. Kjekt!

Glade og fornøgde sat fjellheimgjengen laurdag morgon i ein micro-buss på veg til flyplassen i Cochabamba. Der måtte me skilja lag med våre kjære lokale reiseleiarar: David, Boris, Mauricio, Santiago og Elvira. Det vart ei tung stund, men me gler oss over å ha fått nokon nye, kjekke vener.

Jan Tore vart med oss vidare, og flyturen gjekk så til Acusion i Paraguay, der me overnatta på hotell. Dagen etter, Palmesundag, sende Jan Tore oss ifrå seg mot São Paulo, og natt til måndag til Paris. Nesten heime vart det så ei stor skuffing at det var feil med flybillettane til 12 av oss. Me måtte venta til kvelden att på fly til Oslo. Dei fleste fekk reisa klokka to. I tillegg var all bagasjen sett på eit namn, Jorunn Nessa, sidan me sjekka inn som gruppe.  Det dumme var at Jorunn hamna på kveldsflyet, saman med alle sin bagasje. Men med god hjelp frå SAS har alle koffartar funne att eigaren sin no, og begge deler er trygt heime hjå mor.

Vidare må det nemnast at antal par i boliviagjengen har auka til 4. Siste par ut er Kristian Johansen og Miriam Leithe. Tillukke!

Eit to månadars opphald i Sør-Amerika er over, me er proppa av inntrykk. Me vil gjerne takka Fjellheim, Jan Tore me familie og dei andre leiarane som har gjort turen mogeleg, ja ikkje berre mogeleg, men han har glidd utruleg godt trass ein ekstra vilter elevflokk. Sør-Amerikaturen vart eit minne for livet. Spesielt godt har det vore at Bibelen har stått høgt i kurs, gjennom bibeltimar, og at me har vorte minna på å bruka tid der sjølve. Det har gjort turen rikare.

Me har òg fått sjå meir kva misjon er, og kor viktig det er. Dei fleste menneska i Bolivia lever under trældom og redsle, men Jesus har gitt alle eit kall til å forkynna evangeliet, å reisa himmeldøra framfor menneske i mørke:

”Men dei elleve disiplane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt han ville møta dei. Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”

Matt 28,16-20

Reklame
 
2 kommentarer

Skrevet av den 31. mars 2010 i Uncategorized

 

Bolivia: La Paz

Katrine på Dødsvegen

Same dagen me kom frå Acacio, måndag 22.03, reiste fjellheimelevane  med buss til La Paz. Denne byen ligg på opp til 4000 moh, og er nok den mest turistifiserte i Bolivia. Det kryr av småbutikkar, reiseoperatørar, italienske pizzarestaurantar og gringoar(lyshuda folk) der. Byen er bratt, og flott.

Tysdag sykla stort sett heile gjengen den berykta(ikkje utan grunn) dødsvegen. Det er ein smal grusveg som klyngjer seg fast til fjellveggen langs ein heil dal. Det er bygt ny veg attmed, men ein og annan vågal bilist og lastebilist tek denne vegen likevel. Me byrja på 4650 m.o.h og enda på 1200 m.o.h. Det vart nokre uforgløymelege timar som så alt for fort vart slutt. Det gjekk godt med alle, og dagen vart avslutta med middag og elvebading på firmaet sitt vesle hotell.

Onsdag og torsdag var avsett til å vitja Peru og Titicacasjøen. Verdas høgastliggjande navigerbare innsjø (4000moh). Gjengen overnatta på hotell og vitja mellom anna dei flytande sivøyane (som det bur folk på, rett nok travelt opptekne med å byggja øya oppover. Ho søkk nemleg heile tida) og inkaruinar(til Kristine G. si store begeistring). Stort var det og for visse av å få brukt enno ei side i passet sitt til nye stempel. Kjekt!

Medan dei fleste duppa i Titicaca kjempa Jorunn K, Joar og Johannes med høgdesjuke og å ikkje missa pusten i eit forsøk på å nå fjellet Huayna Potosi (tyder ”unge Potosi”) på 6088 moh. Flinke guidar, fødde i fjella, leia oss trygt oppover. Fyrst til frå Restcamp på 4700 moh til Highcamp på 5300 moh på onsdag. Så, klokka 02.00 på torsdag stod me i taulag på breen utanfor og kjende snødrevet piska i andletet. Det dunka litt i hovudet grunna høgda, men ein vidunderpille av ein høgdemedisin gjorde susen. Toppen var ikkje i sikte, men var absolutt oppnåeleg. Taulaga åla seg sakte oppver bakkane, med eit mål for auga. Og, jammen, alle me tre greidde det. På toppen sat tre fornøgde nordmenn mellom folk frå mange land. Du kjem faktisk ikkje så høgt i heile Europa.

Same kvelden sov me ekstra godt på nattbussen til Cochabamba. Heilt til me vakna av eit brak. Me vart utsette for ei bilulukke som fort kunne ha enda verre. Les meir her:  http://famolsen.blogspot.com/2010/03/englevakt.html

I Cochabamba på fredag fekk me sove ut før me tok del i ein dag av årets misjonærkonferanse i Bolivia. Det baud på middag, vitnemøte, nattverdmåltid, leikar og ei trist avskjed med ein ung misjonærflokk. Me har fått tid til å verta glade i desse flotte menneska som gjer si gjerning i Bolivia. Som ei lita takk fekk alle kvar sin Fjellheimkalendar, og sidan Jan-Tore er hard på Colaflaska, fekk han like godt ein heil bil full i tolitersflasker. Lukke til med å drikka dei opp!

J.S

 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 30. mars 2010 i Uncategorized

 

Bolivia: Farting rundt i Andesfjella

Dei siste vekene i Bolivia vart, som venta, svært travle. Lite tid til blogging og andre kjedelege aktivitetar. Orsakar dette.

I alle fall, etter utreisehelg samla alle gruppene seg i Cochabamba. Nærare bestemt på Hotel Kolon (Namnet har med ein kjend spansk oppdagar å gjera). Me oppheldt oss i byen i eit par dagar og hadde mellom anna bibeltimar på feriestaden til misjonen.

Med meir ferdaminne(souvenir) frå Bolivia og mindre pengar (etter hard shopping på Canchaen) leigde me så store firehjulstrekkarar og køyrde langs bratte vegar opp til Acacio, midt mellom alle landsbygdene med Cechuaindianarar. Mange av oss hadde lenge sett fram til å få gå innover og halda møte med folket i ei av bygdene. Eg har trong til å fortelja om eit av møta:

Eg og eit halvt dusin andre elevar går i fem timar over haugane og fjell til bygda Jarkemani. Evangelisten Fransesco og Jan Tore er med. Fransesco kan fortelja at det før har vore fleire kristne i bygda, og eit flott kyrkjebygg er reist. Men no er det ingen kristne att. Me kjem fram etter at det har vorte myrkt, og set oss i kyrkja for å venta. Evangelistem går frå dør til dør og byr inn til kristent møte, me ber.

Gud høyrer bøn, det fekk me erfara denne kvelden. Etter ei stund kjem nokre born, litt etter ein vaksen kar. Litt etter litt sit  det folk langs alle veggene i det vesle kyrkjeromet. Unge og gamle. Jan Tore snakkar med ein gut, og guten seier han kjenner Jesus, veit kven han er. Og trur på han som sin ”señor”. Eg kjenner eg vert glad og oppglødd.

Møtet byrjar, song på Cechuaspråket ljomar ut frå kyrkja. Framleis sig det på med folk, det sit over alt no. Jan Tore talar Guds ord, me syng, og nokre av oss held eit enkelt vitnemål. Evangeliet lyder klart inn i hjarto som framleis er bundne av frykt, frykt for døden. Så, mot slutten av møtet kjem fyrst to, så ein til indianar  fram og bøyer kne. Dei vil ta imot den levande Gud som har kjøpt dei fri frå døden. Dei vil, tross i all spott og alle vanskar eit slikt val vil føra med seg.  Takken går til Gud, ja hjarta mitt hoppar av glede når Fransesco ber for dei, og heile kvelden vidare.

Eg kjenner meg beæra over å ha fått sjå eit så sterkt bevis på at det er kraft i Guds Ord.

”For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar” (Rom 1,16)

Dagane vidare i Acacio brukar me på meir bibel – og misjonstimar, å ha aktivitetar med innbyggjarane i den vesle byen, rusla i fjella og nyta utsynet og besøkja fleire landsbyar for å halda møte. Me returnerte til Cochabamba måndag 22. mars.

J.S

 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 30. mars 2010 i Uncategorized

 

Mongolia: Turister

Første stopp på programmet i dag var besøk i et budhistisk tempel.

Fakta: i et av templene sto det en diger Buddha statue på 25,5 ca. Der inne var det også ca 1000 små buddha statuer / avguder. Vi så også mange bønnetromler over hele området, man skulle snurre på trommelen og sende bønner for feks din døde Mor og døde Far.  Vi var også i en bygning der Lamaene satt, både unge og eldre. De satt å framsa bønner som folk kom med.

Ord som beskriver dette:

– tomhet

– usikkerhet

– krav

– materealisme

– fortvilethet

– Jag etter lykke

– strev

Besøket gjorde sterkt intrykk på oss, det å se denne åndelig fortvilende situasjon. Ett hjertesukk: Vi ønsker å forkynne det frigjørende evangelium.

Av nåde er dere frelst

Så  var det klart for dagens shoppingrunde, første stopp var svartemarkede, deretter kashmir butikken.

Dagen ble avsluttet med engelsk – mongolsk bibelgruppe hos Silje (misjonær – vert ute 3,5 år. Har 2,5 år att av periocen).

Det var flott å treffe mongolske brødre og søstre i trua. Nokre av desse var godt i gang på vegen, medan andre var relativt nye. Nokre hadde til og med ikkje starta på vegen endå. Kjekt at dei vel å gå i ei bibelgruppe. Denne kvelden var temaet Jesus sin autoritet, og me såg på nokre bibelstader som stadfesta hans autoritet. Tema som dette ville me kanskje ha plassert på eit alpha-kurs, men kall det kva du vil. Mennesker lærer meir om kven Gud er, og det er stort.  Hugs å be for desse.

 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 16. mars 2010 i Uncategorized

 

BOLIVIA: Sucre

Sucregruppa (dvs. Arne, Hanne, Rune M, Livar, Jorunn RK, Johanne, Heidi og kjentmann og veteranmisjonær Kjell Aardal) reiste etter litt klabb og babb midt på dagen på Torsdag med nasen på Land Cruisern retta mot jungelen i sør-vest. Me tok raskt av frå den kjedelege asfaltvegen for å ta ein omveg til Sucre. Dagen gjekk på jordvegar, og med regnbyger inn i mellom vart det fort ein sleip affære. Men Kjell er ein røynd jungelmisjønær og veit kor tid 4-hjulstrekken må inn. Me kom fram til den vesle landsbygda T’iuMayo(som tyder sandelva) i kveldinga, rett nok for seint til møte der, men det vart det ei ordnings på fredag morgon klokka 8. Det heile føregjekk på språket Quechua, noko me forstår fint lite av.

Bilen vart lessa opp att for neste etappe på littegrann betre vegar, mot Sucre. Men i Zudañsa (liknar mistenkeleg på ordet sudar, som tyder å sveitta) vart det bom stopp ein times tid på grunn av vegarbeid.

Sucre (Oppkalla etter kompanjongen til Simòn Bolivar, Josè A Sucre, begge viktige menn) dukka opp i synsranda etter titals dalar og fjellovergangar. I Sucre budde me på bibelskulen, CLET. Laurdag utforska me den kvite byen (Sucre). Den raude tråden i denne byen er DINOSAURAR. Me fann fort årsaka til dettte då ein kalkvegg i nærleiken hadde den største samlinga av dinosaurspor i verda. Spanande.

Sundagen vart ein eksamen i møtekondis, eit på CLET 09.00, eit klokka 11.00 i ei kyrkje i byen,  Kerigma, noko KRIK-liknande klokka 15.30 på CLET, og eit siste møte i byen klokka 19.00. Me deltok på alle møtene med ein liten presentasjon, sang og eit vitnespyrd. Kjell tala på nokre av møta. Det var svært kjekt å treffa brør og systrer i Sucre og dela Guds ord i lag med dei.

I skrivande stund rullar me over høgsletta på 4000 m.o.h mot Potosi. Der skal me vera turistar ein dag, treffa Potosigruppa og overnatta ei natt før me samlast alle i Cochabamba. Som turistar skal me vitja dei varme kjeldene og  sylvfjellet. Faktisk kjem det sistnemnde til syne i det fjerne akkurat no.

J.S

 
1 kommentar

Skrevet av den 16. mars 2010 i Uncategorized

 

BOLIVIA: Utreisehelg

Torsdag føremiddag forlet Fjellheim Santa Cruz. Godt metta av luksus på Hotel Buganvillas var me no klare for å utforska det verkelege Bolivia på UTREISEHELG.

Me delte oss i fem grupper:

–        Villemontes heilt sør i Bolivia, den varmaste byen i landet (opp til 50 grader C)

–        Salta i ARGENTINA

–        Cochabamba, der Misjonssambandet har sin hovudbase

–        Potosi, den høgast liggjande byen i verda (4100 m.o.h)

–        Sucre, ein av dei to hovudstadane i Bolivia

J.S

 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 16. mars 2010 i Uncategorized

 

BOLIVIA: Restaurantkveld



Tysdag i sist veke stelte me i stand restaurantkveld i lag med kyrkjelyden. Som ein avslutning på samværet med unge og vaksne i Santa Cruz. Folket stasa seg litt opp, og benka seg rundt småbord i kyrkja. På rett tid etter boliviansk målestokk (40 minutt etter tida) braka det laus med ei velkjend underhaldningsgrupppe frå Fjellheim. Sjølvsagt vil det seia morosame stunt og nye sketsjar. Nordmennene lo, bolivianarane lo, og alt låg til rette for ein fin kveld. Det vart det og:

–        Biletframsyning

–        Lokalt musikklag med futt i!

–        Andeleg påfyll ved ein kjend rektor ved namn Thor.

–        Skikkeleg restaurant med ein norsk og ein boliviansk rett

–        Mange triste augeblink når bolivianarar og nordmenn laut skilja lag

J.S

 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 16. mars 2010 i Uncategorized

 

Mongolia: Søndag i UB

Etter en god start på dagen med stekt egg og Gudnys frokost bufe,  var det klart for gudstjeneste i den lokale kirken Bayriin Medee  (godt nytt) hvor pastoren i kirken talte. Oddvar Odnanes kom å hentet oss, og vi ble tatt godt i mot. Alt foregikk på mongolsk og vi fikk oversettelse fra radene vi satt i. Ettersom vi var der for første gang måtte alle nye presentere seg, etter dette var gjort sang de en velsignelse til oss nye, noe som er en utroli flott opplevelse og veldig fin mottakelse.

lovsang i kirken

Pastoren i menigheten

Etter kirken var vi ute å spiste på en italiensk resteurant med misjonærene her i UB. Når middagen var fordøyd, gikk turen hjem til Odnanes hvor vi var bedt på kaffe. Kjempe deili mat, bestående av Brownies, eplekake, is og diverse. Veldi deilig ettermiddag med fantastisk hyggelige mennesker, vi er så takknemlige for åpenheten og mottakelsen vi får her i Mongolia.

Gutta fra Haugesund

Dagens bursdagsbarn var den livlige, sprudlende  Else som ble 20 år. Og kvelden ble avsluttet med sang og bursdagskake til bursdagsbarnet.

Nesten like god som mammas

 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 15. mars 2010 i Uncategorized

 

MONGOLIA: Overnatting i Geer

Akkurat nå er vi bare turister. Turen startet onsdag morgen med avgang mongolsk tid kl 09.30. Satte oss inn i den flotte bussen og var spente på hva som skulle skje.

Vi hadde fått programmet, men ante vi bare litt av hva som skulle skje. Vi var trette og spente.

Programmet så slik ut onsdag: Chinggis Khaan statuen, turtle Rock med fjelltur, ri kamel, holde ørn og overnatte i geer på en hestecamp. Torsdag: hesteriding og mongolsk rett, Horhog. Nå vet vi fra erfaring at ting blir ofte ikke slik vi har tenkt, så vi reiste med et åpent sinn og lot det skje det som skjedde.

Chinggis Khaan statuen var første stopp. Her får bilde tale for seg.

Her er den 40 meter høge statuen…

Her sitter vi oppe på manen til hesten i lag med guiden vår som var med på heile turen.

Turtle Rock, bare Jostein visste hva vi fikk se. En fjell som ser ut som en skillpadde. Ganske fascinerende. I alle fall når resten av fjellene rund ser ut som en digre steinrøyser.

Er det ikke fint?

Kamelriding var dagens høydepunkt. For oss som ikke er vandt med kameler er dette ganske fascinerende. Følelsen av å ”sveve” rundt, ”høyt” over alle andre.

Hestecampen. Komme inn i en god varm stor Geer, med 4 senger og en ovn i midten. Mange løse, men snille hunder, kuer og hester, som går rundt sammen med oss. Utedo i et skur i skogen, uten dør. Vennlig folk. God mat.

Natten blir ikke alltid slik vi tenker. Ulvehyl og hundebjeffing utenfor, badstue temperatur inne. Når det begynner å nærme seg behagelig temperatur, kommer fyringsvakten. Vi har det godt. Mangler ingen ting. Livet er faktisk skjønt i Mongolia.

I dag våknet vi til en fantastisk dag. Kaldt, men nesten skyfri himmel. Etter frokost og bibelgruppe blir det hesteriding. Tre timer (+/-) på hesteryggen. Får oss som ikke har ridd før er dette en fantastisk opplevelse. Masse flott natur. Vennlige og hjelpsomme guider.

Her kunne vi puste i frisk luft og virkelig oppleve den Mongolske naturen. Var bare litt ømme og såre i baken.

Vi var sultne og ventet spent på Horhog. En fantasisk rett som blir tilberedt over flamme i lukket gryte. Lammekjøtt, potet og gulrot kokt i litt vann på glødende steiner. Et herremåltid!

Så var turen over. Vi kunne godt vært der i flere dager. Selv om vi liker luksus var dette kjekt å oppleve…

 
2 kommentarer

Skrevet av den 14. mars 2010 i Uncategorized

 

Fridag og tur til Samaipata

Mandag var det fridag, og dei som ville fekk muligheten til å vera med på tur til Samaipata, for å sjå på Inkaruiner og bada i eksotiske fossefall… 3-4-timars tur bakpå lastebil er ein opplevelse i seg sjølv, for her gjeld på ingen måte same trafikkreglar som i Norge. Men me kom oss nå velberga både fram og tilbake, så alle mødre som les denne bloggen: ingen grunn til panikk!!

Kristine, Miriam og Ingjerd på tur.

Me fekk guida tur gjennom ruinområdet, og forstod iallefall litt av det guiden prøvde å forklara oss…

Den som forstod mest av kva guiden sa, var kanskje Sonja. Ho har ein imponerande egenskap til å snakka med og bli kjent med dei fleste Bolivianerane ho møter på 🙂

Etter å ha sett på Inkaruinene fekk me god middag i Samaipata, før me tok fatt på heimvegen.

På veg tilbake til Santa Cruz stoppa me og bada her -forfriskande! Deretter var det eit par timar igjen bakpå lasteplanet under ein fantastisk flott stjernehimmel…

 
1 kommentar

Skrevet av den 10. mars 2010 i Uncategorized