RSS

BOLIVIA: Vert-kjend-ettermiddag og husmøte

01 mar

No byrjar me her i Bolivia å verta litt betre kjende med Boliviansk folk og kultur. Ja, såpass at samtlege har avlagt ein lokal familie eit besøk. Sist fredag vart me Fjellheimelevar plassert i lag med ein bolivianar frå kyrkjelyden. Med humøret på topp brukte gruppene ettermiddagen på å ha det kjekt i lag, og å stifta venskap. Nokon gjekk på byen for å nyta is og shoppping. Andre fekk vera med bolivianaren heim ein tur. Eg fekk vera med ein som heiter Nacho heim. Dei budde i eit flott hus med hage og ekte guterom der venegjengen sitt band har øvingane sine.

Alle har og fått vitja ein kristen familie på husmøte den siste veka. Det føregår i eller rundt eit vanleg boliviansk hus med ein andaktshaldar. Det er godt å dela det same evangeliet i lag med framande folkeslag. Gjerne med noko å bita i etterpå. Og hjå ei kjærleg husmor her i Santa Cruz vil det seia skikkeleg varmmat. Om eg har gløymt å skriva det, så er boliviansk mat riktig så god!

J.S

 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 1. mars 2010 i Uncategorized

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

 
%d bloggere liker dette: