RSS

MONGOLIA: Noen innhaldsrike dager!

10 mar

Etter ei innhaldsrik veke vestpå (Khovd for lokalkjende og ellers spesielt interesserte) er gjengen no frakta attende til hovudstaden Ulaanbaatar (UB).Det har vert ei spanande veke, sjølv om ein del av spenninga kvar morgon har vert kor mange som er friske nok til å bli med ut om dagen, og kven som må liggje att på hotellet for å få helsa attende. Men no er alle, så nær som Elisabeth, attende ved sine fulle 5. Elisabeth er òg på full fart dit hen, og sikre kjelder melder at ho truleg vil vere frisk att i løpet av fyrste halvdel av næreste framtid.

For dei som ikkje stifta nærare bekjentskap med hotellsenge har dagane vore spekkfulle av opplevingar og inntrykk. Alt dette vert vanskeleg å formiddla via bokstavar, ord og setningar. Ja til og med ved hjelp av bilete vet det umulig å fult ut skildra dette for dykk der heime i det varme Noreg. (Ja, alt som er varmare enn 14 minusgrader er herved erklært som varmt…) Men me skal gjere eit forsøk på å vidareformidle noko av det.

Etter at dagen med helseprojektet (nesten) var til ende, kunne dei av oss som ville vere med på ei allidrettsgruppe som misjonærane driv ei gong i veka. Mange var trøyte og slitne etter ein lang dag, men omlag 20% av oss valgte å bli med. Dette angra me ikkje på. Det var spesielt å kunne gjere noko felles med andre ungdomar sjølv om kommunikasjonen berre bestod av peiking og vinking. Det gjorde òg inntrykk med andaktsstunda. Me nordmenn bråker meir når me søv enn desse ungdomane gjorde under samlinga. Den låge summinga frå alle kantar når me skulle be (under bøna var det fyrst ei stille stund der kvar og ein kunne be, før det vart avslutta med ei bøn frå leiaren) gjorde òg inntrykk. Her har me noko å læra.

ungdommar i aktivitet

Etter nokre timar under dyna var det atter tid for morgonsmat. Denne dagen var det sosialprosjektet som stod på planen. Her i Mongolia er mykje av folket gjetarar / nomadar. Ei av fløgene dette får, er at folk bur spredd utover. Buskapane må jo ikkje blanda seg med einannan… Men det betyr òg ei utfordring rint skulemessig. Dette har staten løyst med å oppretta internatskular. Her kjem born frå seksårsalderen og bur og går på skule. Nokon ser ikkje foreldra meir enn i feriane. Sosialprosjektet til NLM går enkelt sagt ut på å gå inn i desse internata og betre forholda til borna.

Etter to timar på steppene (kva treng du veg til, når du har stepper…) kom me fram til eit av desse internata. Me fekk vere med i ein time, samt omvisning på internatet. Her sit det att mange inntrykk som ikkje kan forklarast med ord. Her får bildene forsøke å tale.

Gut på internatet

Jente som viser stolt frem det hun har perlet

Det elektriske annlegget er ikke helt norsk standard

Me fekk ta ein liten fjelltur, eller ein tur opp på ein høyde, for å få eit overblikk over landsbyen.

utsikt utover landsbyen

Mongolias svar på preikestolen?

bestevenner

plakat med takk til NLM, har har elevane lista opp alle dei konkrete tiltaka som NLM har utretta, som ein takk til oss…

Dei som var friske nok til å vere med. Me takker og bukker for turen.

 
2 kommentarer

Skrevet av den 10. mars 2010 i Uncategorized

 

2 Svar til “MONGOLIA: Noen innhaldsrike dager!

  1. Kjersti

    10. mars 2010 at 08:06

    Takk for oppdateringane frå Mongolia! Mykje interessant og tankevekkande å lese her. Godt å høyre at de frisknar til igjen også.
    Heiar på deg Elisabeth!

     
  2. siggan

    11. mars 2010 at 14:41

    velig kjekkt å hørra fra dåkk i mongolia!!! 😀 eg sitter me lukka øyne og drømmer meg tilbake:)

     

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

 
%d bloggere liker dette: