RSS

BOLIVIA: Sucre

16 mar

Sucregruppa (dvs. Arne, Hanne, Rune M, Livar, Jorunn RK, Johanne, Heidi og kjentmann og veteranmisjonær Kjell Aardal) reiste etter litt klabb og babb midt på dagen på Torsdag med nasen på Land Cruisern retta mot jungelen i sør-vest. Me tok raskt av frå den kjedelege asfaltvegen for å ta ein omveg til Sucre. Dagen gjekk på jordvegar, og med regnbyger inn i mellom vart det fort ein sleip affære. Men Kjell er ein røynd jungelmisjønær og veit kor tid 4-hjulstrekken må inn. Me kom fram til den vesle landsbygda T’iuMayo(som tyder sandelva) i kveldinga, rett nok for seint til møte der, men det vart det ei ordnings på fredag morgon klokka 8. Det heile føregjekk på språket Quechua, noko me forstår fint lite av.

Bilen vart lessa opp att for neste etappe på littegrann betre vegar, mot Sucre. Men i Zudañsa (liknar mistenkeleg på ordet sudar, som tyder å sveitta) vart det bom stopp ein times tid på grunn av vegarbeid.

Sucre (Oppkalla etter kompanjongen til Simòn Bolivar, Josè A Sucre, begge viktige menn) dukka opp i synsranda etter titals dalar og fjellovergangar. I Sucre budde me på bibelskulen, CLET. Laurdag utforska me den kvite byen (Sucre). Den raude tråden i denne byen er DINOSAURAR. Me fann fort årsaka til dettte då ein kalkvegg i nærleiken hadde den største samlinga av dinosaurspor i verda. Spanande.

Sundagen vart ein eksamen i møtekondis, eit på CLET 09.00, eit klokka 11.00 i ei kyrkje i byen,  Kerigma, noko KRIK-liknande klokka 15.30 på CLET, og eit siste møte i byen klokka 19.00. Me deltok på alle møtene med ein liten presentasjon, sang og eit vitnespyrd. Kjell tala på nokre av møta. Det var svært kjekt å treffa brør og systrer i Sucre og dela Guds ord i lag med dei.

I skrivande stund rullar me over høgsletta på 4000 m.o.h mot Potosi. Der skal me vera turistar ein dag, treffa Potosigruppa og overnatta ei natt før me samlast alle i Cochabamba. Som turistar skal me vitja dei varme kjeldene og  sylvfjellet. Faktisk kjem det sistnemnde til syne i det fjerne akkurat no.

J.S

 
1 kommentar

Skrevet av den 16. mars 2010 i Uncategorized

 

Ett svar til “BOLIVIA: Sucre

  1. åshild

    16. mars 2010 at 14:55

    Så kjekt å få oppdatering å sjå bilda fra utreisehelga! Håpe Livar kosa sæ «heime» i Sucre!Å t-skjortan vart fin 🙂 Kos dåkk videre!

     

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

 
%d bloggere liker dette: