RSS

Bolivia: Farting rundt i Andesfjella

30 mar

Dei siste vekene i Bolivia vart, som venta, svært travle. Lite tid til blogging og andre kjedelege aktivitetar. Orsakar dette.

I alle fall, etter utreisehelg samla alle gruppene seg i Cochabamba. Nærare bestemt på Hotel Kolon (Namnet har med ein kjend spansk oppdagar å gjera). Me oppheldt oss i byen i eit par dagar og hadde mellom anna bibeltimar på feriestaden til misjonen.

Med meir ferdaminne(souvenir) frå Bolivia og mindre pengar (etter hard shopping på Canchaen) leigde me så store firehjulstrekkarar og køyrde langs bratte vegar opp til Acacio, midt mellom alle landsbygdene med Cechuaindianarar. Mange av oss hadde lenge sett fram til å få gå innover og halda møte med folket i ei av bygdene. Eg har trong til å fortelja om eit av møta:

Eg og eit halvt dusin andre elevar går i fem timar over haugane og fjell til bygda Jarkemani. Evangelisten Fransesco og Jan Tore er med. Fransesco kan fortelja at det før har vore fleire kristne i bygda, og eit flott kyrkjebygg er reist. Men no er det ingen kristne att. Me kjem fram etter at det har vorte myrkt, og set oss i kyrkja for å venta. Evangelistem går frå dør til dør og byr inn til kristent møte, me ber.

Gud høyrer bøn, det fekk me erfara denne kvelden. Etter ei stund kjem nokre born, litt etter ein vaksen kar. Litt etter litt sit  det folk langs alle veggene i det vesle kyrkjeromet. Unge og gamle. Jan Tore snakkar med ein gut, og guten seier han kjenner Jesus, veit kven han er. Og trur på han som sin ”señor”. Eg kjenner eg vert glad og oppglødd.

Møtet byrjar, song på Cechuaspråket ljomar ut frå kyrkja. Framleis sig det på med folk, det sit over alt no. Jan Tore talar Guds ord, me syng, og nokre av oss held eit enkelt vitnemål. Evangeliet lyder klart inn i hjarto som framleis er bundne av frykt, frykt for døden. Så, mot slutten av møtet kjem fyrst to, så ein til indianar  fram og bøyer kne. Dei vil ta imot den levande Gud som har kjøpt dei fri frå døden. Dei vil, tross i all spott og alle vanskar eit slikt val vil føra med seg.  Takken går til Gud, ja hjarta mitt hoppar av glede når Fransesco ber for dei, og heile kvelden vidare.

Eg kjenner meg beæra over å ha fått sjå eit så sterkt bevis på at det er kraft i Guds Ord.

”For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar” (Rom 1,16)

Dagane vidare i Acacio brukar me på meir bibel – og misjonstimar, å ha aktivitetar med innbyggjarane i den vesle byen, rusla i fjella og nyta utsynet og besøkja fleire landsbyar for å halda møte. Me returnerte til Cochabamba måndag 22. mars.

J.S

 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 30. mars 2010 i Uncategorized

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

 
%d bloggere liker dette: