RSS

Bolivia: Slutt på moroa

31 mar

Kvelden før avreise avslutta me opphaldet i Sør-Amerika med ein betre middag på restaurant i Cochabamba, fotoshoot og samling på hotellet. Til slutt fekk alle dela med dei andre det kvar enkelt kjem til å hugsa best frå turen. Nesten ingen tok fram det same, og det må vel tyda på at alle har vore med på noko akkurat dei tykkjer er minneverdig. Kjekt!

Glade og fornøgde sat fjellheimgjengen laurdag morgon i ein micro-buss på veg til flyplassen i Cochabamba. Der måtte me skilja lag med våre kjære lokale reiseleiarar: David, Boris, Mauricio, Santiago og Elvira. Det vart ei tung stund, men me gler oss over å ha fått nokon nye, kjekke vener.

Jan Tore vart med oss vidare, og flyturen gjekk så til Acusion i Paraguay, der me overnatta på hotell. Dagen etter, Palmesundag, sende Jan Tore oss ifrå seg mot São Paulo, og natt til måndag til Paris. Nesten heime vart det så ei stor skuffing at det var feil med flybillettane til 12 av oss. Me måtte venta til kvelden att på fly til Oslo. Dei fleste fekk reisa klokka to. I tillegg var all bagasjen sett på eit namn, Jorunn Nessa, sidan me sjekka inn som gruppe.  Det dumme var at Jorunn hamna på kveldsflyet, saman med alle sin bagasje. Men med god hjelp frå SAS har alle koffartar funne att eigaren sin no, og begge deler er trygt heime hjå mor.

Vidare må det nemnast at antal par i boliviagjengen har auka til 4. Siste par ut er Kristian Johansen og Miriam Leithe. Tillukke!

Eit to månadars opphald i Sør-Amerika er over, me er proppa av inntrykk. Me vil gjerne takka Fjellheim, Jan Tore me familie og dei andre leiarane som har gjort turen mogeleg, ja ikkje berre mogeleg, men han har glidd utruleg godt trass ein ekstra vilter elevflokk. Sør-Amerikaturen vart eit minne for livet. Spesielt godt har det vore at Bibelen har stått høgt i kurs, gjennom bibeltimar, og at me har vorte minna på å bruka tid der sjølve. Det har gjort turen rikare.

Me har òg fått sjå meir kva misjon er, og kor viktig det er. Dei fleste menneska i Bolivia lever under trældom og redsle, men Jesus har gitt alle eit kall til å forkynna evangeliet, å reisa himmeldøra framfor menneske i mørke:

”Men dei elleve disiplane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt han ville møta dei. Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”

Matt 28,16-20

 
2 kommentarer

Skrevet av den 31. mars 2010 i Uncategorized

 

2 Svar til “Bolivia: Slutt på moroa

  1. Kjersti Nordpoll

    2. april 2010 at 12:44

    Kjære Fjellheimfolk!

    Det har vore ei sann glede å følgje bloggen dykkar, sjølv om det har ført til store utslag av Sør-Amerikalengsel og ikkje så reint lite misunning å gjenoppleve alt det denne turen har å by på. Ta det som eit kompliment! De har skrive utruleg bra, og utfordringa mi om å doble talet på innlegg i forhold til oss i 08/09-kullet har de jo knust for lengst!
    Vi her heime i Noreg har skjønt at de verkeleg har hatt to månader på Guds skulebenk, og ikkje gløym å «gøyme i hjarta» alt han har vist dykk og lært dykk på turen. Takk for at de har vore så inkulderande overfor bolivianarane de har hatt med å gjere!

    Velkommen heim!

     
  2. Björn

    1. februar 2011 at 10:24

    Skriver her for å få mulighet å følge bloggen. =)

     

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

 
%d bloggere liker dette: