RSS

Raqueta-turnering

21 feb
Raqueta-turnering

Fjellheimgjengen har returnert frå La Paz og er tilbake på hotel El Carmen i Cochabamba. Flotte dagar i Bolivias hovudstad er til ende og ein fridag på hotellet gjer godt for kropp og sjel. Oppholdet i La Paz gav mange flotte opplevingar. Gruppa som sykla Dødsvegen er svært fornøgd, fotballkampen The Strongest – Santos innfridde til dei grader, gjengen som var på fjelltur måtte bite i det sure eplet og snu på vel 5500 moh. Været var svært dårleg med snø og vind, slik at faren for skred var for stor til at det var forsvarleg å fortsette. Heile klassen traff kvarandre ved bussterminalen i La Paz etter Titicacasjøen og sivøyene for dei fleste.

Helga har vore roleg. Det er karnevalstid her i Sør-Amerika og stemninga blant bolivianarane er på topp. Me har vore med på både ungdomsmøte og gudsteneste der dei tre ulike menighetane me går i var samla på leir. Ungane har kjøpt inn vanngevær, vannballongar og skumspray. Så det er berre å passe seg for uventa kalddusjar.

Som sagt har me i dag hatt fridag. Dagens store aktivitet har vore raqueta-turnering. Heile 18 lag var med, der stort sett alle laga var blanda med ein gut og ei jente på kvart lag. I skiftande vær frå strålande sol til lett duskregn blei turneringa gjennomført med stor stil. Spanande kampar med høg spenning. Dei heldige vinnarane blei til slutt Janne og Henrik G, tidlegare idrettselevar ved KVS Lyngdal. I ein høgdramatisk finale slo dei paret Stine B og Bjarte (i dobbel forstand:) så vidt med siffra 16-14.

Ein aktiv dag går over i ein avslappande kveld. Det blir undervisning dei neste dagane. Godt å ha nokre dagar her i Cochabamba med vanlegare rutinar. Til helga er vi på ny i farten. Då reiser halve gruppa til jungelen og resten til Arica, Chile. Det kan og nemnast at rektor Thor og Alfonso Roca er på plass i Bolivia. Dei skal no vere med på turen vidare.

Takk for forbønn.  Håpar de fortsett å be om beskyttelse for gruppa, både i det vanlege og på utreiser.

Guds fred!

 
1 kommentar

Skrevet av den 21. februar 2012 i Uncategorized

 

Ett svar til “Raqueta-turnering

  1. Karin Ulli

    22. februar 2012 at 14:34

    Bra at Alfonso er på plass… (du mista ikke noen fly? Jeg er imponert :D)
    Så må dere spise yakisoba på brazilian coffee ved plaza colon, eller i det minste få oppskriften:) Kos dere videre!

     

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

 
%d bloggere liker dette: