RSS

Ein etterlengta oppdatering

09 mar

Etter Åshild drog har bloggskrivarane tatt seg ein aldri så liten ferie. Ein del av skulda kan vi også leggje på utreisehelga som vi kom tilbake frå tidlegare i veka. Nok om det, her kjem i alle fall ein liten oppsummering av dei siste dagane.

Som vi kan sjå frå dei siste innlegga har me vore i jungelen og Arica. Etter dette hadde me nokre rolege dagar på El Carmen før utreisehelg stod for tur. Gjengen blei delt opp i fem grupper som skulle til kvar sin plass. Potosi, Sucre, Santa Cruz, Tinguipaya, og Villamontes. Her skulle me sjå på misjonsarbeidet dei driv og besøka ulike menigheitar. Ellers oppleva kva desse plassane hadde å tilby av fasilitetar. Til dømes gruvebesøk i Potosi, hesteridning i Villamontes, Spa i Santa Cruz, fjelltur i Tinguipaya og moped i Sucre. Når me kom tilbake var alle særs nøgd med kva dei hadde opplevd. Kjekt å få vera i mindre grupper og bli betre kjent med både kvarandre og Bolivia.

I dag reiste Thor heim til fagre Nord Noreg. I følge han sjølv så gleda han seg meir til å komma heim til snø, enn å ver i varme Bolivia, ein smule misunnelse kanskje?? Thor har bidratt med gode timar om Jobs bok og Jesu lidingshistorie. I tillegg til dette har han bidratt godt på racketabanen, og ellers med den tørre humoren sin. Takk skal du ha for dette Thor!

Torsdag var det duka for gallakveld for gjengen i Bolivia. Dei fleste har fått skreddarsydd både kjolar og dressar, så alle kledde seg opp i full stas og var klar for ein betre middag på ein restaurant i Cochabamba. Ein kveld spekka av humor, god mat og god drøs. Minner frå turen blei delt og ein meget velskriven song sunge. Takk for ein fin kveld folkens.

I dag, torsdag, var planen å reisa til Acacio på utreisehelg med heile gjeng. Dette er ein liten plass langt oppe i fjellheimen ^^ Vegane er krevjande så på grunn av litt regn blei turen utsatt til i morgon. I følge Kjell Årdal skal det vera heilt trygt å kjøra opp i morgon, så ta det roleg alle mødre 🙂 Me reisar tidleg i morgon. Planen for turen er å vitja ulike plassar og små landsbygder rundt om kring i området der. Den lengste turen me skal for å ha møte, er ein gåtur på fira timar frå Acacio. Dette blir spennande. Set pris på forbøn, både med tanke p

å tur til og frå Acasio, men også møtene som me skal ha der oppe. Fleire frå landsbygdene rundt Acacio får ikkje høyra forkynning ofte, så dette er ein god moglegheit for at fleire blir betre kjent med Jesus og kanskje kjent med Han for fyrste gong.

Etter turen skal me prøva å komma tilbake med meir frå turen til Acacio.

 

 
1 kommentar

Skrevet av den 9. mars 2012 i Uncategorized

 

Ett svar til “Ein etterlengta oppdatering

  1. tovehi

    9. mars 2012 at 15:52

    Kjempehyggelig med litt oppdatering, få lov å delta litt i opplevelsene.
    Stilig gjeng i finstasen.

     

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

 
%d bloggere liker dette: