RSS

Oppdatering sa du?

31 mar

For dykk som fortsatt sit i spenning om det verkeleg skal kome nye oppdateringar, akkurat dykk kan eg denne kveldsstunda gleda. Me er no tilbake på nordisk jord heile gjengen. Etter ein lang men smertefri heimtur har vi stempla passet for siste gong på ei stund! På vegne av dei bloggansvarlege vil underteikna beklage den mangelfulle oppdateringa dei siste vekene. Mykje reising og dårleg tilgang på internett må og ta på seg noko av skulda. Eg vil gi ein liten oppsummering til dei av dykk som var så gilde at de fulgte med oss og tenkte på oss medan vi var på tur. (Har følelsen at det ikkje berre var foreldre, som har fått heim snakkesalige ungar fulle av inntrykk, som titt og ofte sjekka bloggen for nye livsteikn frå Fjellheimgjengen)

Som sagt var me mykje på reis dei siste vekene etter Acasioturen. Tidlegare var me delt i to der eine gruppa reiste til jungelen og den andre til Arica, Chile. Rett etter turen til Acasio bytta me plassar og fekk nye opplevingar. Nokre valde å vere igjen i Cochabamba i staden for å reise til jungelen. Mange opplevingar rikare kom me tilbake til «heimen vår», El Carmen.

Nokre rolege dagar i Cochabamba blei nytta til siste innkjøp i billege Bolivia, farvel med våre kjære leiarar, avskjed med menighetane våre og elles forberedingar på vinterferie. Flotte veker i Bolivia og Cochabamba gjekk mot ein slutt. Sjølv om Noreg med vinter og snø gav mången gode assosiasjonar, var det vemodig å reise frå landet me er blitt så glad i. Men me sit igjen med gode minner. Kanskje nokon av oss kjem tilbake, enten for ei lita stund eller lengre?

Turen vidare blei vinterferie vår. I utlandet er det ulik praksis frå Noreg, vi har blitt godt kjent med det bolivianske utrykket ‘mañana, mañana’ (i morgon, i morgon). Dermed utsatte vi vinterferien litt og la den rett før påskeferien, herlig med lang og god ferie. No var det Paraguay og Brasil som stod for døra. I Bolivia forlot me ein del lokale leiarar. Flotte folk som har vore med på å gjere oppholdet svært bra. Den siste drøye veka kom Jon Lia, tidlegare misjonær i Bolivia, inn som ny reiseleiar. Han var kome i førevegen og gjort viktige avtalar og liknande. I tillegg hadde han med seg vår kjære medelev, Cathrine Kvamme. Ho tok i mot oss på flyplassen til glede for heile gjengen! Flyet landa i Paraguays hovudstad, Asuncion der ein flott buss tok oss til grensebyen Foz do Iguacu. Her ligg eit svært kjend fossefall. Me fekk oppleve Guds skaparverk på noko av det flottaste og mektigaste. Store fossar som dundra ned høge fall. Eit mektig syn! Vøringsfossen blir ein sildrebekk i forhold..

Vidare gjekk turen til Brasil og Ihla Grande. Dette er ei ferieøy like utanfor Rio de Janeiro. Med båt ankom me ferieparadiset Ihla Grande. Her var det flotte dagar med krittkvite strender, surfing, snorkling og avslapping. Dei siste dagane oppholdt me oss i storbyen Rio de Janeiro. Stikkord for dagane her var nydeleg frokostbuffet, strandliv, fotballkamp, kristusstatue, avslutningsmøte/minnekveld og mykje meir.

Det var ein nøgd gjeng som stod på flyplassen i Rio ferdigpakka og reiseklar. Med mången minner og kjekke opplevingar satte me oss på flyet i retning Skandinavia. Fleire var svært klar for å komme heim igjen! Godt å få påskeferie! Underteikna syntes sjølv det var godt å dra dyna godt oppunder haka i sin eigen seng!

Eg vil nytta høvet til å takka alle de som har vore med oss i tankar og bønn! Det har vore litt sjukdom, men Gud har bevart oss frå større ulykker og farer. Takk til ein allmektig og kjærleg Far som bevarer sine! Misjonsarbeidet har me fått sett på skikkeleg og det har gjort inntrykk på oss. Fellesskapet har òg vore ein viktig del av turen. Gode medelevar og leiarar som har vore i saman på tur i over sju veker, kan det bli betre? Sang og vitnekveldar, gode samtalar, omtenksomme medelevar som stille opp for kvarandre kan nemnast.

Takk for ein flott tur i lag! Takk Gud for at du alltid er med oss!

«På den tida skal dei seia: Der finst ein edel vingard, syng om han! Eg, Herren, er vaktaren hans. Kvar augneblink vatnar eg han. Så ingen skal skada han, vaktar eg han dag og natt.» Jes. 27: 2-3

 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 31. mars 2012 i Uncategorized

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

 
%d bloggere liker dette: