RSS

heiaa blåggeeen <3 <3 <3

14 feb

Då har vi nettopp kome tilbake til Hotel El Carmen etter å ha vore 5 dagar på 4 stjerners hotell i sentrum av Cochabamba. Det viste seg nemleg at El Carmen var utleigd til karnevalsleir midt under oppholdet vårt så då måtte vi versågod finne oss ein annan plass å bu. Men ingen sure miner av den grunn!. Kjekt å bu litt meir sentralt og ikkje minst på eit flott hotell med heis(!) 🙂 (Trappene på el Carmen tek knekken på oss her i høgda) Under oppholdet inne i byen fekk vi erfare at karnevalet i Bolivia består av masse vann/såpespruting og kasting av vannballongar på gata, og vi som blonde, kvite, nordmenn viste seg å vere ekstra utsatt.

Ein av dagane reiste vi opp til Kristusstaua i byen. Denne ligg 3420 moh og er litt høgare enn den i Rio de Janeiro. Flott utsikt og vi fekk eit inntrykk av kor stor denne byen eigentleg er. Elles har vi gått mykje ut på restaurant og kost oss med deilige biffmiddagar for ein billig penge. Vi har og vore på besøk på ein barneheim her i byen som vert dreve av ei norsk dame. Her møtte vi mange herlege ungar og det var eit høgdepunkt for mange.

Her i Cochabamba skal vi bli litt kjend med ulike menighetar og har difor blitt delt inn i tre grupper som har reist til tre ulike kyrkjer. Desse kyrkjene skal vi halde fram med å besøke kvar laurdag og søndag. Veldig spennande å bli litt kjend med bolivianske ungdommar i dei ulike kyrkjene. Vi vart godt mottekne i alle plassane og ser fram til dei neste møta.

I går vart dagen avslutta med bursdagsfeiring med fest og basar for Maria som fylte 21 år. Santiago heldt tale og alle koste seg med den faaantaaastiske chipsen vi hadde kjøpt inn for anledninga.

Ellers kan det nemnast at kjærleiken blømer på denne turen. Foreløpig er det rogalendingane som dominerer på dette området, og allereie har vi fått to(!!) nye par. Vi undrast på om det vert fleire…. 😉

På tross av ymse magasjau, uvanlege fargar på avføringa og høgdesjuke har vi det framleis stråååålande! Og gode leiarar får oss til å halde humøret på topp. Ein stor takk til dei!

Håpar de ikkje frys vekk heime i kalde Norge og har tålmod og overbærenheit med oss for sjeldan oppdatering på bloggen. De får ta det som eit godt teikn på at vi har mykje å fylle dagane med 🙂

Koozz og kleemz (knib)

 

IMG_6791  IMG_6700 IMG_6905 IMG_6888  IMG_6931IMG_6728IMG_6682 IMG_6571 IMG_6238 IMG_6497

 

Reklame
 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 14. februar 2013 i Uncategorized

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

 
%d bloggere liker dette: