No vi inne i dei absolutt siste tider her i Peru, Sor-Amerika. Om tre timar er vi i lufta paa veg til nordamerikanarane. Det er saa mange slags tankar som gjer seg gjeldande i ei slik stund. Nokre er overlukkelege for snart aa vere heim sjaa na mor og ser fram til grovbrod med brunost og kald melk, medan andre synest det er for gale aa reise no naar vi verkeleg har funne oss til rette her nede (og magen f.eks. ikkje protesterer for kvar minste matbit han faar)
Ute er det framleis varmt og godt, men det er ikkje lenge til vi kjem ut i nordavindsgufset paa gaten paa Gardermoen. Uansett har vi hatt ei fantastisk, uforgloymande og eventyrleg reise – vi har faktisk vore paa farten i 1/4 aar her nede!
Siste veka har vi vore i Arequipa paa Casa Hogar Celso (som blei offisielt opne paaskeaftan) og vore med paa paaskemoter i INEL si kyrkje vegg i vegg med barneheimen. Ovanfor ser de bilete av oss norske som har vore samla der.
Taarene rann hos opptil fleire daa vi maatte forlate dei peruanske brodrene og sostrene vaare i Arequipa i gaar kveld. Har blitt skikkeleg godt motttekne, og folt oss som heime. Faktisk blei nokon saa husvarme at dei fann det for godt aa starte vasskrig midt paa natta. Eit hundretals liter vatn gjekk med i den store feiden mellom det svake og sterke kjonn.
Avslutningsvis tenkte eg berre at eg ville hive frampaa nokre opplevingar som kan spegle litt av den enorme mengda av ting vi har opplevd:
- Kondorsafari i Colcadalen (2x saa djup som Grand Canyon)
- Utemote for Weenhayekfolket under ei gatelykt
- Faatt nye vennar og laert fantastiske menneske aa kjenne: F.eks: Kirsti, Jan-Tore, David, Boris, Mauricio, Santiago, Marit – you name it!
- Ete piraja og sniglesuppe
- Vore paa spasertur i Amazonasjungelen
- Blogga og motteke kommentar av vaar trufaste kommentator Anna Marie. Takk og aere til deg!
- Vore i verdas hogastliggande hovudstad: La Paz
- Bada i Titicaca
- Trykt oss inn i taxiar og combiar av alle slag. Rekorden er vel rundt 60 personar i ein combi.
- Reist hundrevis av timar med buss
- Produsert eit tonn med soppel (les: Tomme colaflasker, kjekspapir og brukte reinseserviettar)
- Spansk har blitt vaart nye morsmaal…nesten (¿Cuanto cuesta?)
Og best og storst av alt: Paa alt fraa dei mest avsidesliggande fjellhyller til kaotiske storbyar og klamme jungelstrok har vi mott kristne brodre og sostre! Utruleg! Noko vi stadig undrar oss over. Guds ord er ei kraft til frelse, uavhengig av geografi og kultur, det er kanskje den viktigaste lardomen vi har faatt.
All aere til Han!
Takk, takk, takk!
- Kjersti








- Javisst er Bolivia oppskrytt! Rettmessig skrytt opp. Og nå skjønner jeg hvorfor. Etter å ha fått være med Fjellheimgjengen en måned, sammen med Ingrid kone og Sigurd sønn, forstår jeg at det er en 













